WorldCat Identities

Hoem, Edvard 1949-

Overview
Works: 129 works in 542 publications in 8 languages and 1,687 library holdings
Genres: Fiction  Biography  History  Novels 
Roles: Author, Translator, Editor, Composer, Lyricist, Redactor
Classifications: PT9072.H57, 839.83374
Publication Timeline
.
Most widely held works by Edvard Hoem
The ferry crossing by Edvard Hoem( Book )

50 editions published between 1974 and 2016 in 6 languages and held by 207 WorldCat member libraries worldwide

"Kjærleikens ferjereiser" kom ut første gong i 1974 og gjorde forfattaren kjend for eit stort publikum. Romanen som vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris handlar om vanlege menneskes liv, utfordringar og kjærleik. Det er ferjereisene som fører folk saman: Dei unge serveringsdamene på rutebilkafeen, den gamle postopnaren, den opprørske ungguten og den fortvilte lærarinna møtest i ei forteljing som strekker seg over tre dagar
Ave Eva : a Norwegian tragedy by Edvard Hoem( Book )

24 editions published between 1987 and 2013 in 6 languages and held by 124 WorldCat member libraries worldwide

Billigutgåve av Ava Eva som første gong vart gitt ut i 1987. Hovudpersonen Edmund Saknevik vender tilbake til odelsgarden på Vestlandet for å gjere dentil livsverket sitt, men må erfare at idealsime ikkje er tilstrekkeleg. Nyn.382 s
Mors og fars historie by Edvard Hoem( Book )

23 editions published between 2005 and 2014 in 5 languages and held by 84 WorldCat member libraries worldwide

Hoem skriv denne gong om det foreldra hans ikkje snakka om, nemleg korleis dei trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag. Faren var lekpredikant. Mora var kokke på Fåberg pleieheim, og ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945. Ingen ville trudd at lekpredikanten og kokka ville finne kvarandre. "Mors og fars historie" handlar om at livet av og til tar sin eigen veg og at ingen ting blir slik som vi først hadde tenkt oss det. Dette er ei erindringsbok, der det som er av dokumentasjon er overskride for å dikte fram livshistoria til foreldra. Han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris to gonger
Prøvetid : roman by Edvard Hoem( Book )

27 editions published between 1977 and 2013 in 5 languages and held by 71 WorldCat member libraries worldwide

Til ungdommen : Nordahl Griegs liv by Edvard Hoem( Book )

12 editions published between 1989 and 2004 in 3 languages and held by 58 WorldCat member libraries worldwide

Nordahl Grieg (1902-1943) var ein sosialt engasjert diktar og journalist. 17 år gammal drog han til sjøs, og kom på sett og vis aldri att ? livet vart ei reise. Han reiste og skreiv frå Kina under opprøret i 1927, frå Moskva under glanstida til Stalin og frå Spania under borgarkrigen ? og enda livet sitt på eit bombetokt over Berlin under den andre verdenskrigen. Grieg døydde ung, men han levde intenst, noko som speglast i denne biografien. Denne forteljinga av Edvard Hoem om den mangfaldige, konfliktfylde, omstridde og elska diktaren Nordahl Grieg kom første gong ut i 1989. No i 2002 kjem ho ut i ny utgåve i høve 100-årsjubileet for fødselsåret til Nordahl Grieg. Boka er rikt illustrert med fotografi i svart/kvitt
Heimlandet barndom : roman by Edvard Hoem( Book )

24 editions published between 1985 and 2013 in Norwegian and Norwegian and held by 56 WorldCat member libraries worldwide

I denne eventyrskildringa fortel Edvard Hoem om oppveksten sin i Romsdal på 1950-talet, fram til han som 14-åring reiser til byen og bestemmer seg for å bli forfattar. Romanen utkom første gang i 1985 og er rekna blant dei beste i Edvard Hoems forfattarskap
Tid for klage, tid for dans : roman by Edvard Hoem( Book )

13 editions published between 1996 and 2013 in Norwegian and Norwegian and held by 43 WorldCat member libraries worldwide

ISBN 82-7094-650-8 Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande året på rad idet han ein vår-dag blir var ei ung kvinne som kjem inne på lesesalen. Slik vert han og merksam på ein av dei andre lesesalslitarane, presten Paul Winther, og han vert vitne til ein del av kjærliekshistoria mellom presten og kvinna. Observasjonane Holck gjer på lesesalen, fører og til at han sjølv vert trukken tilbake til livet utanfor bøkene. Det fører han bl.a. til ei øy på Vestlandet, og inn i krinsen rundt dei to Bergmann-karane, skodespelaren Johannes og spekulanten Tom, kjende frå tidlegare romaner av Edvard Hoem. Forhåndsomtale
Villskapens år : Bjørnstjerne Bjørnson, 1832-1875 by Edvard Hoem( Book )

7 editions published in 2009 in Norwegian and Norwegian and held by 40 WorldCat member libraries worldwide

I 1858 les femten år gamle Bjørnstjerne Bjørnson ein avisartikkel om den franske februarrevolusjonen, om opprøret mot Europas mektige som sprer seg frå land til land, og noko vakner til liv i han. Det er eit engasjement og ei tru på folkopplysing og framtid som han skulle bera med seg resten av livet. I Villskapens år følgjer vi Bjørnstjerne Bjørnson frå han er ein ukjend og ærgjerrig ung mann, til han er midt i livet. Han vert heilt avgjerande i arbeidet for å skapa eit moderne og demokratisk Noreg. Han gjer teateret til skodeplass for det verkelege livet. Han innvarslar den litterære realismen i Norden. Edvard Hoem teikner eit sterkt og tydeleg portrett av denne mannen som var dikter, politikar, teatersjef og redaktør - ustoppeleg og engasjert på nær sagt alle område i samfunnslivet. Samstundes skildrar han Bjørnstjerne Bjørnson som eit menneske blant menneska, som sine venners venn, som ektemannen til Karoline og som stolt familiefar. Og aldri før har det vorte skrive så levande om vennskapet og striden mellom Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, vi følger dei begge fra starten av karrierene deira, og til dei etter kvart går kvar sin veg. Villskapens år er det første av to bind i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson. Andre og siste bind kjem i 2010, da det er 100 år sida Bjørnson døydde. (Verlagsinformation)
Engelen din, Robinson : roman by Edvard Hoem( Book )

11 editions published between 1993 and 1996 in Norwegian and Norwegian and held by 38 WorldCat member libraries worldwide

Efter 25 år i udlandet vender David Storm tilbage til barndommens lilleby i Nordvestlandet. Alt og alle i byen konfronterer ham med konsekvenserne af hans egne handlinger
Slåttekar i himmelen : roman by Edvard Hoem( Book )

10 editions published between 2014 and 2018 in 3 languages and held by 38 WorldCat member libraries worldwide

Året er 1874 og Knut Hansen Nesje arbeider som slåttekar i Reknes-lia utanfor Molde. Han er enkemann på andre året då Serianna brått dukker opp. Ho er ei spesiell kvinne, ho røyker pipe og tar Nesje med seg på seifiske. Snart giftar dei to seg og får barn. Nesje og Serianna lev, som mange andre, eit liv i hardt arbeid. Men stadig fleire sel unna det dei eig for å satse på draumen om Amerika. Etter kvart kjem det brev frå dei som allereie har reist, dei fortel om det nye landet med eit frodig, men også ugjestmildt landskap kor dei byggjer sine gardar. Dette er ei forteljing om arbeid, stoltheit og kjærleik, om å satse og ofre. Knut Hansen Nesje var Edvard Hoem sin oldefar
Kom fram, fyrste! : roman by Edvard Hoem( Book )

10 editions published between 2004 and 2013 in Norwegian and Norwegian and held by 34 WorldCat member libraries worldwide

Edvard Hoem gir oss i denne historiske romanen historia om Norges siste erkebiskop, Olav Engelbrektsson. Han var erkebiskop i Norge under reformasjonsstriden. Han flykta frå Trondheim 1. april 1537, og forsvann samtidig inn i eit stort historisk mørker. Det finst ingen folkeminne om han i Norge og ikkje noko monument i Trondheim. Ingen dokument frikjenner han for det stemplet som han fekk da han fór bort: at han var ein svikar mot landet og at han hadde rana skattane i Trondheims domkyrkje. I denne boka har Hoem henta fram denne gløymde hendinga frå historia
Frøken Dreyers musikkskole : roman by Edvard Hoem( Book )

8 editions published between 2000 and 2013 in 3 languages and held by 33 WorldCat member libraries worldwide

Musikerparet Renate og Theodor Ungermann kjem til Bergen frå det krigsherja Tyskland på eit ugunstig tidspunkt: i 1952. Med frøken Dreyers musikkskole som base, ønsker Theodor å realisere ein ny musikk for ei ny verd i Bergen, medan Renate ser fram mot den dagen da dei skal vende tilbake. I følge forlaget er dette ein roman om eksilets problem og modernitetens pris, om musikkens verd og den verkelege verda
Anna Lena. Roman by Edvard Hoem( Book )

11 editions published between 1971 and 1975 in Norwegian and Norwegian and held by 31 WorldCat member libraries worldwide

Om affolkningen af en bygd
Du er blitt glad i dette landet : dikt og songar 1972-1982 by Edvard Hoem( Book )

8 editions published in 1982 in Norwegian and Norwegian and held by 30 WorldCat member libraries worldwide

Vennskap i storm : Bjørnstjerne Bjørnson, 1875-1889 by Edvard Hoem( Book )

7 editions published in 2010 in 3 languages and held by 29 WorldCat member libraries worldwide

Band II av Edvard Hoems store Bjørnson-biografi begynner da Bjørnson med familie flytter inn på Aulestad i 1875. På nokre hektiske månader rustar han garden kraftig opp og dyrkar eit intenst vennskap med folkehøgskolefolket på Vonheim, men før vinteren er over innser han at vennene er av eit anna slag enn han, og garden for stor for hans økonomiske evner. Snart er Bjørnson inne i ei religiøs krise som fører til radikal omvurdering av alle tidlegare standpunkt, og vi følgjer han gjennom sytten års strid mot kristelege dogme og i ein politisk kampanje som endar med å utløyse embetsmannsstatens undergang i Norge. På Aulestad og i utlandet utfaldar han eit enormt brevskifte med ei lang rekke kjende kvinner og menn, svolten som han er på å skaffe seg vennskap og alliansar. Han blir intenst opptatt av Georg Brandes, Amalie Skram, Alexander Kielland, Ole Richter og mange andre. Men det bråskiftande sinnet hans og dei beinharde politiske slaga fører rett som det er til konfliktar som i mange tilfelle blir uopprettelege. I opinionen er populariteten hans også skiftande, men det er meir enn tretti tusen menneske som ønsker han velkomen tilbake til Kristiania etter fem års opphald i Paris. Boka tonar ut med den siste store lidenskapelege forelskinga - og breva hans frå denne perioden blir her offentleggjort for første gong
Land ingen har sett : roman by Edvard Hoem( Book )

7 editions published between 2016 and 2017 in Norwegian and Norwegian and held by 28 WorldCat member libraries worldwide

I den tredje boka i Edvard Hoems store familiekrønike følgjer vi dei to brørne Anton Edvard i Romsdal og Eilert i Donalda på Alberta-prærien. Dei prøver begge å bygge seg opp frå nesten ingenting, dei arbeider hardt, konkurrerer med og inspirerer kvarandre. Ute i verda rasar første verdskrig, titusenvis mister livet på vestfronten. Då krigen er over endrar konjunkturane seg, og det blir tydeleg at det fins ting i livet som sjølv ikkje hardt arbeidande menn er herre over. Den nye tida bringer med seg automobilar, telefonlinjer og ein musikk som påverkar både unge og gamle menneskesinn. Omtalen er utarbeidd av BS
Syng mig hjæm : Bjørnstjerne Bjørnson 1889-1919 by Edvard Hoem( Book )

8 editions published in 2011 in 3 languages and held by 28 WorldCat member libraries worldwide

Dette er tredje band i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson, og dekkjer tidsrommet 1890-1899. Ved inngangen til 1890-talet måtte Bjørnson konstatere at kampsakene hans ikkje hadde vunne fram. Venstre var splitta i to parti, og Høgre hadde overtatt regjeringsmakta. På heimefronten vart Karoline meir og meir døv, og sonen Bjørns skilsmisse skapte usemje mellom ektefellene. Samtidig forelska Bjørnson seg i pianisten Erika Nissen, og innleidde ein kjærleikskorrespondanse som i denne boka blir sitert for første gong. Barna fekk slutt på affæren. Tre års opphald utenlands for å koma unna skandale, opna auga hans for dei store internasjonale spørsmåla. Første og andre band om Bjørnson kom i 2009 og 2010
I Tom Bergmanns tid : roman by Edvard Hoem( Book )

7 editions published in 1991 in Norwegian and Norwegian and held by 27 WorldCat member libraries worldwide

Roman om skibsreddersønnen der gør oprør mod sit miljø og gennem kunst og filosofi forsøger at finde en dybere mening med livet
Sankt Olavs skrin : dramatisk forteljing by Edvard Hoem( Book )

5 editions published in 1989 in Norwegian and Norwegian and held by 27 WorldCat member libraries worldwide

Bror din på prærien : roman by Edvard Hoem( Book )

8 editions published between 2015 and 2016 in Norwegian and Norwegian and held by 26 WorldCat member libraries worldwide

På kaia står Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Han tek farvel med sonen Eilert Knutsen. Berre seksten år gammal går han om bord i dampskipet med kurs for Amerika. Eilert er ein vakker ung mann, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk. Men Eilert forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor omvending i Eilerts liv. Etter tolv år i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att. «Bror din på prærien» er ein slektsroman fortalt på same vis som Hoems roman «Slåttekar i himmelen». Omtalen er utarbeidet av BS
 
moreShow More Titles
fewerShow Fewer Titles
Audience Level
0
Audience Level
1
  Kids General Special  
Audience level: 0.81 (from 0.71 for The ferry ... to 0.91 for Heimlandet ...)

Ave Eva : a Norwegian tragedy
Covers
Alternative Names
Choėm, Ėdvard

Chuėm, Ėdvard

Edvard Hoem escritor noruego

Edvard Hoem Noors dichter

Edvard Hoem Norwegian writer

Edvard Hoem norwegischer Schriftsteller

Edvard Hoem scriitor norvegian

Hoem, Edward 1949-

Languages